Alle menneske er like mykje verd

Tidlig ultralyd med tilleggsundersøking til alle kvinner, i tillegg til NIPT-test til alle gravide kvinner, er nokre av endringane Fremskrittspartiet (Frp), Arbeiderpartiet (Ap) og SV ynskjer i sitt forslag til endringar i bioteknologilova. Saman har desse tre partia gjort ein avtale om fleire punkt dei ynskjer å endre i lova, og som har fått namnet "Bioteknologiforliket 2020". Dette skal opp i Stortinget 26 .mai.

Menneskeverd reagerer sterkt på endringane

Menneskeverd reagerer sterkt på endringane om å gjere tilgjengeleg tidleg fosterdiagnostikk og å tilby NIPT-test til alle gravide kvinner, der ein endå lettare vil kunne ta abort dersom barnet har ein sjukdom og ein vil i endå større grad få eit sorteringssamfunn. -Ein burde ikkje måtte ta dette valet, meiner informasjonsansvarleg Kristin Rudstaden i Menneskeverd i eit intervju. - Eg er mest redd for at vi tillet oss sjølv at nokre menneske er meir verd enn andre, seier Rudstaden om kva type samfunn vi får dersom Frp, Ap, og SV får gjennomslag for desse endringane i bioteknologilova. Høyr heile intervjuet her på Radio Sunnmøre.

Forrige
Forrige

Set borna i ein sårbar situasjon

Neste
Neste

Sjømannspresten episode 11