Siste nytt
Artiklar, intervju og andakter frå redaksjonen i Radio Sunnmøre — om livet, tru, kyrkja og lokalsamfunnet.
Artiklar frå redaksjonen
I ord til ettertanke denne veka delar Otterlei Bjerkeseth ulike likningar frå Bibelen. - Eg tenker mykje på at Jesus skal vere relevant i livet vårt. Det handlar om å gi han rom og plass i kvardagen vår, fortel Otterlei Bjerkeseth, om noko av det ho ynskjer å formidle denne veka. Ho er trusopplærar i Haram kyrkjelege fellesråd.
Søndagens tekst 4. oktober her henta frå Matteus 18, 1-6. Den handlar om Himmelriket og dei små. I ein samtale med Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti, tek vi ein prat om kva denne teksta handlar om og kva betydning den kan ha i dag.
Helga 16. og 17. oktober blir det Pit Stop på Ellingsøy bedehus. Martha Bjørge og Ester Molnes sit i styret i den lokale ungdomsforeininga Seinfredag som er medarrangør, saman med Imf Ung Sunnmøre og NLM Ung Nordvest.
Bjørge og Molnes håpar at 200 ungdomar frå heile Sunnmøre tek turen til Ellingsøya denne helga.
På ei litt dårleg telefonlinje frå ein kafe på Flesland flyplass i Bergen, tek vi Kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes i dag. Ho er på veg til Bedehuskanalen for innspeling av nytt bøneprogram, og for ei møtehelg på Betlehem i Bergen.
Vi får høyre litt om kvar bøneemna kjem frå til programmet, og Krokeide Alnes deler også eit lite ord med oss mot slutten.
Frå veke 40 startar vi på Radio Sunnmøre med eit nytt program med namnet Min musikk. Vi har invitert inn gjestar som har laga eigen musikk, som syng andres musikk og som er glad i musikk, for å fortelje om kva musikken betyr for dei. Vi blir godt kjend med gjesten og deira liv og tru, og kva betydning dei enkelte songane har hatt i ulike samanhengar.
Vi har tatt ein telefon til Te`ena Ben Haim i Israel for å høyre litt om korleis kvardagen er i landet, etter nokre år med terror, krig og urolegheiter. Høyr den lengre samtalen Arild Ove Halås har med Te`ena Ben Haim.
For så elska Gud er tittelen på Ord til ettertanke denne veka. Det er Peder Almedal som delar ord til ettertanke om alt det gode Gud har å gi. Han er i haust ny leiar i Harilastiftelsen, og vi får også høyre om det nye arbeidet han har gått inn i.
Høyr heile intervjuet med Peder Almedal og hans ord til ettertanke denne veka.
Torsdag 1. oktober blir det basar på Vigra bedehus for Radio Sunnmøre. Eli Remme og damegruppa Radioaktive damer på Vigra, inviterer til basarkveld. Elkana frå Godøya skal synge, Linda Austnes skal halde andakt, og Remme lovar skikkeleg basarstemning.
Høyr heile intervjuet med Eli Remme om basaren på Vigra bedehus torsdag 1. oktober kl. 1900.
Kultur- og likestillingsdepartementet har offentleggjort endringar i pengespelforskrifta. Ei endring er at små lokale radiostasjonar igjen kan arrangere smålotteri utan å måtte søke om tillatelse.
-Dette er fantastisk for Radio Sunnmøre, seier redaktør og dagleg leiar Ragnhild Kristine Vartdal Espelund.
I søndagens tekst høyrer vi om Peters svigermor og andre sjuke. Teksta er henta i frå Matteus 8, 14-17 og vi samtalar om teksta med Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti.
Tradisjonen tru blir det Gla`sang på Frænabu også denne hausten. Else Karin Jacobsen er brennande engasjert i helga, og håpar at også sunnmøringane tek turen og blir med.
Høyr Else Karin Jacobsen fortelle om programmet i eit intervju på Radio Sunnmøre.
Denne helga var Marit Stokken Berland og Jarle Berland i Bremanger og haldt møter, saman med ein gjeng songarar. Ho fortel at ho denne helga fekk nytt mot, akkurat slik Paulus fekk i Apostelgjerningane 28, 15.
Høyr heile kvardagspraten med Marit Stokken Berland.
