Kristne blir dagleg diskriminert i Egypt
I dagens program tek Olaug Lillian Bjørke deg med til Egypt. Sjølv besøkte ho Kairo for 3 år sidan, med Åpne Dørers reiseteneste. No er denne delen av arbeidet sett på vent, naturleg nok. Men Åpne Dører ser fram til at dei igjen kan invitere med på tur for å besøke forfulgte kristne. Meir om reisetenesta finn du her: https://www.opendoors.no/engasjer-deg/reiser Korleis er det å leve som kristen minoritet, og dagleg oppleve diskriminering og bli behandla som annenrangs borgarar? Det er nokre år sidan egyptiske kyrkjer har blitt angripne, men forfølginga varer ved, sjølv om den ikkje når media sine overskrifter. I programmet får du eit møte med Miriam som vaks opp sør i Egypt. Hennar historie er eit godt eksempel på den daglege diskrimineringa og forfølginga kristne står over for. Samtidig vitnar ho om ein trufast Gud som hjelper dei igjennom alt. Du får elles høyre songgruppa Kerysso synge «Gi meg Jesus».
