Frå narkotikalangar til bibeldistributør


Sergej* - frå narkotikalangar til bibeldistributør

I dette programmet tek Olaug Lillian Bjørke og Helge Åkernes deg med til Sentral Asia. Dei hadde gleda av å besøke eit av stan-landa i mars, og i dag får du eit møte med Sergej*, ein av Åpne Dørers medarbeidarar. Han blei kristen medan han sona ein dom på 6 år; gjennom eit Johannesevangelie som ein av medfangane hadde fått i ei matkasse heimanfrå. Ordet i Joh 6,47 stansa han: «Den som trur, har evig liv.» Frå då av vart alt nytt! Sergej* blei ein ivrig evangelist bak murane; og nye kom til tru på Jesus. Kven skulle tru at det gjekk an med kristen «nærradio» over lydanlegget i fengselet? Eller fangemusikklag med toradar og mandolin? I dag er Sergej* distributør av dyrefôr – og av Guds ord. Begge deler finn ein i containarar på farmen hans, og i fjor gjekk det ut 100 000 kg kristne bøker og biblar derifrå! Kanskje du som lyttar, sjølv får lyst til å møte dine søsken ansikt til ansikt? Det vil igjen bli mogleg å reise med Åpne Dører! Vi har turar både for hausten og for 2021. Så gjenstår det å sjå når situasjonen tillet det og myndigheitene igjen åpnar opp for utanlandsreiser. Ei reise med Åpne Dører er ei annaleis reise – ei livsforvandlande reise! Vil du lese meir, besøk gjerne https://www.opendoors.no/engasjer-deg/reiser

Forrige
Forrige

Fanta Magic City

Neste
Neste

Songar og artist utan oppdrag