Åpne Dører 40_2020

I dette programmet får du eit møte med Ole Lilleheim. Han ser tilbake på 30 år i teneste for forfølgde kristne. Kallet møtte Ole som 17 åring, då han lytta til Broder Andreas si utfordrande forkynning. Etterkvart engasjerte Ole seg i bibelsmugling, og det blei også fleire år ved Åpne Dørers hovudbase i Nederland. Her fekk bilmekanikaren Ole bruke sine evner til eit topp hemmeleg oppdrag: Å byggje om bilar som skulle brukast til å smugle biblar inn til Aust-Europa. Det er likevel i Noreg han har lagt ned mest arbeid i tenesta for forfølgde sysken. Ole har reist landet rundt og delt vitnesbyrda til brør og systre som lid for trua si. «Det har vore eit enormt privilegium å få lov å vere med. Det er ikkje vi som jobbar for Jesus, men det er Han som jobbar, og inviterer oss til å vere med! Gud kallar oss ikkje først og fremst til å tene Han, men til å kjenne Han. Når du lever i fellesskap med Jesus, får du gå i dei gjerningane Han har lagt framføre deg. Det er fantastisk», seier Ole Lilleheim, 30-års jubilant i Åpne Dører.

Forrige
Forrige

Ord til ettertanke

Neste
Neste

Radiolotteriet er trekt