Åpne Dører i Sentral Asia

Alman møtte Jesus og alt vart nytt. I mars var Olaug Lillian Bjørke på reise med Åpne Dører til Sentral Asia. I dagens program deler ho historia til Alman*;  ein av mange muslimar som på forunderleg vis har fått møte Jesus. Gjennom ein tragedie som ramma familien, gjorde Alman opprør mot si muslimske tru. Dette førte han ut i eit liv prega av alkoholmisbruk og vald, noko som påførte familien store lidingar. Men alt vart nytt då Jesus møtte han, og med glede vitnar Alman: «Eg er ingenting. Alt som har skjedd i livet mitt, skal Gud ha æra for. Det er eit mirakel at han har tilgjeve ein person som meg. Pris Herren!» I dag er Alman involvert i utadretta arbeid for å vinne andre for Kristus. Han har eit stort hjerte for menneske som er i nød, og gir både åndeleg og praktisk hjelp. Kona Aida* takkar Herren for det han har gjort i livet deira: «Eg er så takknemleg til Gud. Han har forandra livet vårt. Eg levde i eit helvete, men Gud endra alt. Han er verkeleg, og han høyrer bøn!» I programmet får du elles høyre David Andre Østby synge «Nåde stor».

Forrige
Forrige

Fem ting å lære av Tro & Mediers grunnleggarar - 85 år etter

Neste
Neste

Egna mobilabonnement for born