Åpne Dører - veke 12

Neeraj svikta, men fekk reise seg igjen. I dette programmet tek Olaug Lillian Bjørke deg med til India. Du får møte Neeraj, ein ung kristen som ganske raskt fekk merke kva det kan koste å følge Jesus. Presset blei uuthaldeleg. Han, som hadde bestemt seg for å aldri fornekte Jesus, svikta sin beste ven. Neeraj fortel om angeren og tårene, men også om tilgjevinga. Han fann stor trøyst i historia om Peter – og i siste del av programmet er det denne delen av påskebodskapen vi dveler ved. Som Peter møtte Jesu kjærlege blikk den natta han svikta, så fekk Neeraj oppleve det same. Og det kan også vi i dag. Hans nåde er rik nok for alle! Det får du høyre David André Østby synge om i sin nydelege song; «Nåde stor». La historia om Neeraj bli ei påminning om å be for forfulgte kristne som akkurat i dag står under sterkt press; at dei må halde ut og bli ståande i trua på Jesus.  

Forrige
Forrige

Sommartur til Finnmark med Plussreiser

Neste
Neste

På heilag grunn når vi les påskeevangeliet