Åpne Dører veke 16

«30 dagers bønn for verdens muslimer»
24. april går millionar av muslimar over heile verda inn i Ramadan, fastemånaden. I 30 dager skal dei faste og be, og inderleg søke Allah. Muslimane lærer at Ramadan er den månaden då den heilage boka deira, Koranen, vart openberra, og nettopp difor går dei inn i bøn og faste denne månaden. I dagens program fortel Olaug Lillian Bjørke om ein annan bønnebevegelse under Ramadan: Kristne over heile verda vil i Jesu namn vende seg til Gud og be – nettopp for muslimane! «30 dagers bønn for verdens muslimer» er ein internasjonal, felleskristen bøneaksjon som starta for 28 år sidan. Det er spesielt å merke seg at i same periode har det vore vekkjing i den muslimske verda. Mange har møtt Jesus i draumar og syner, og blitt etterfølgjarar av Han. Ein av desse får du møte historia til i andre halvdel av programmet. Du får elles høyre Sentrums synge «Frihet». Åpne Dører ønsker å oppmuntre kristne til å bli med i bøn for verdens muslimar. Ta kontakt for å få tilsendt årets bønneguide. Besøk også gjerne nettsida www.30dagersbonn.no eller følg bøneaksjonen på https://www.facebook.com/30dagersbonn/
