Åpne Dører veke 4 - Nord Korea
I dagens program får du bli med til Nord Korea; det landet i verda der det er aller tøffast å leve som kristen. Her er det forbode å tilbe nokon annan enn landet sin store leiar og hans forfedre. Blir du avslørt som kristen, ventar fengsel eller arbeidsleir; og det er eit under om du kjem levande ut derifrå. Likevel finns det modige truande nordkoreanarar; dei risikerer livet – ikkje minst når dei deler trua vidare. Du får møte Kyong-so som blei kristen gjennom venskapen med ein hemmeleg truande. Han fortel: «Av alle eg hadde møtt, hadde denne eit ansikt som utstråla godleik. Han møtte meg som ein ven...» Litt etter litt våga han å dele evangeliet med Kyong-so, som tok i mot. Det skulle føre til forfølging, arrestasjon og bortvising; seinare også flukt for Kyong-so og familien. I dag er dei busett i Sør Korea. Kyong-so seier: «Nordkoreanske kristne er som ‘trestubbar’ av tru som Herren har latt stå igjen. Be for dei som evangeliserer; om Guds hjelp og vern. Be også om at nordkoreanske truande må få tilbe Jesus i fridom, utan å frykte for dei som forfølgjer.» I programmet får du elles høyre Andreas Wennemo synge «Jeg vil gi deg, o Herre, min lovsang»
