Åpne Dører veke 50_2020

Heime hos Daniela, Sebastian (6) og mamma Alba står det ein tom stol denne jula. Pappas stol. Han var pastor, og blei brutalt myrda ein kveld han sat i gyngestolen sin. Familien høyrde to skudd, og så var han borte. Narkobaronar mislikte sterkt at han evangeliserte blant barn og unge. Det trua verksemda deira, og gjennom drapet ville dei sende ein sterk bodskap til alle som følgjer Jesus i Colombia: Det er farleg! Ikkje gjer det! Åpne Dører inviterte Alba og barna til Barnesenteret Visjon Agape. Her fekk dei ein månads opphald og eit kjærkome avbrekk frå isolasjonen, presset og sorga; og dei fekk traumehjelp. Åpne Dører har også hjelpt familien med ein ny bustad. Daniela er full av takksemd: «På senteret lærte eg at sjølv om det er vanskelege tider i livet, vil Jesus hjelpe oss gjennom andre menneske og gjennom bøn. Det er veldig viktig at folk over heile verda ber for meg og familien min denne jula. Eg er utruleg takksam for alle som ber!» I programmet får du elles høyre Håvard Sveås synge sin nydelege julesong: «Han kom for deg og».

Forrige
Forrige

Santa Lucia, hvem var hun egentlig?

Neste
Neste

Gud gav oss sin son for å redde oss