Bibel, bøn og takknemligheit
Denne hausten er det 11 år sidan Olaug Lillian Bjørke startet i Åpne Dører. I dette programmet ser ho tilbake på møter med forfulgte kristne og kva desse har lært henne. Du får høyre Broder Michael snakke om forskjellen på ein stor og ein liten bibel. Og kva han ser på som det viktigaste bøneemnet for forfulgte kristne. I Syria får du møte Pastor Edward, som ser på seg sjølv som ein ambassadør for himmelen, og kva dette betyr. Og i siste halvdel av programmet dreg vi til Eritrea, der Helen Berhane sitt vitnesbyrd lærer oss noko grunnleggande om takknemligheit. Ho ser på det som eit val vi må ta, og ikkje noko som handlar om gode følelsar. Kanskje har vi noko å lære? I programmet får du elles høyre «Kom Jesus, lys din fred på jord» med Ingebjørg Bratland. Link til programmet: https://www.podbean.com/ew/pb-rv8sq-193f847
