Blir audmjuk over høge lyttartal

Dei tre siste åra har Arnstein Rødset vore styreleiar i Radio Sunnmøre, og har også vore med i styret nokre år lenger enn det. I 2022 har radioen auka lyttartala med nær det dobbelte frå 2021 til 9000 faste lyttarar kvar veke. -Eg blir audmjuk over lyttartala til Radio Sunnmøre, seier Rødset. Han har i mange år vore med og sett utviklinga av radioen, og fått høyre tilbakemeldingane som jamt har kome inn. 

I eit intervju med Radio Sunnmøre får du høyre meir om kva tankar Arnstein Rødset har om Radio Sunnmøre og dens virke, og vi tek også ein prat om radioen sin økonomi.

Forrige
Forrige

Radio Sunnmøre får stadig flere lyttere

Neste
Neste

Orreneset Misjonssenter 40 år