Colombia – «Overvinn det vonde med det gode»

Denne månaden er Colombia i fokus i Åpne Dører. Dei siste åra har forfølginga auka og særlig er kristne leiarar utsette. Olaug Lillian Bjørke gir deg eit møte med to pastorar. José opplevde at faren, som også var pastor, blei teken til fange. På forunderleg vis overlevde han. I dag er José pastor i det same området: «Eg opplever at kallet mitt er å bringe lyset, håpet og sanninga inn der far var i fangenskap,» seier han med overtyding. Du får også møte ei pastorfamilie som opplevde englevakt ei natt dei låg og sov. Neste morgon fekk dei besøk av ein geriljasoldat som kom for å levere våpna sine, og fortelje om kva han hadde opplevd i heimen deira den natta. Kristne i Colombia opplever at det hardnar til, men samtidig breier Guds rike seg utover landet. I programmet får du elles høyre songgruppa LaKris frå Ulsteinvik synge «Jesus, min rustning».
