Crossyoga med Jesusmeditasjon
-Eg sov veldig dårleg, og hadde ei uro i kroppen. Det var mange aktivitetar eg ville vere med på og hadde problem med å balansere det med kvile. Eg snakka med både sjelesørger og psykolog, og det hjalp ikkje. Så prøvde eg å trene mykje for å bli skikkeleg sliten, men det hjalp lite. Men så starta eg med yoga så fekk kroppen kvile. Og etterkvart då eg oppdaga yoga saman med Jesusmeditasjon, så vart eg veldig glad. For når eg fekk roa ned kropp og sinn, så vart eg meir mottakeleg for Jesus. Og det leser eg om i Bibelen også, og Jesusbegeistringa den auker, fortel Jan Ketil Vinnes.
Vinnes og Gunn-Ingrid Ulstein startar opp Crossyoga i Borgund menighet 9. september, som eit av ti kurskveldar. Crossyoga er ikkje ei terapigruppe, men eit kurs der ein kan utvikle sjølvfølelsen og/eller ein stad der ein kan kvile i Guds nærvær og la seg elske av han. Jan Ketil Vinnes er psykiatrisk sjukepleiar og Gunn-Ingrid Ulstein er psykolog. I gruppa ynskjer dei å bidra med sin kunnskap og vere tilstades som medvandrarar. For Ulstein er det det kristne perspektivet som er den djupaste forma av sanning, og at ho kan få nytte både trua og kroppen i ei bøn for å integrere det i livet ser ho på som ei gåve.
Høyr heile intervjuet med Jan Ketil Vinnes og Gunn-Ingrid Ulstein.
