Del bekymringane dine med nokon

Arne Tord Sveinall, Lektor ved Institutt for Sjelesorg ved Modum Bad.

Instituttlektor i Sjelesorg ved Modum Bad, Arne Tord Sveinall, oppfordrar folk til å ikkje sitje aleine med sine bekymringar, men å dele dei med nokon andre i denne krisetida.

- Mitt inntrykk er at det er tre utfordringar som går igjen. Det eine handlar om frykt for å kjenne seg einsam, det andre frykt for å bli sjuk og det tredje frykt for å smitte andre, seier Arne Tord Sveinall, instituttlektor i sjelesorg ved Modum Bad. Det viktigaste i denne tida er å finne nokon å dele sine bekymringar med legg han til. Høyr heile intervjuet på Radio Sunnmøre.

Forrige
Forrige

Gå ut og forkynn evangeliet

Neste
Neste

Ville frykta meir for eiga helse enn for eigen økonomi