Det nyttar
I dette programmet får du eit tilbakeblikk på fjoråret i Åpne Dører. Du får lytte til vitnesbyrd, og får konkrete tal som viser korleis organisasjonen jobbar for å styrke og utruste forfølgde kristne. La deg inspirere av desse glimta, der du blant anna får høyre frå nokon av dei 500 000 som har mottatt Covid19-hjelp. Dette har blitt til velsigning, ikkje berre for dei truande, men også for lokalsamfunnet, ja til og med forfølgjarane! Pastor Shiyanth frå Sri Lanka fortel: «Å gi naudhjelp, også til våre forfølgjarar, gav oss høve til å dele evangeliet og vise dei Jesu kjærleik. Fleire menneske ønsker no å bli kjent med Jesus. Også representantar frå myndigheitene i landsbyen har endra haldningane sine til det kristne samfunnet. Vi bygger betre relasjonar med menneska rundt oss. Takk for at de står saman med oss!» I programmet får du elles høyre Marthe Wang synge «Midt i mørket»
