Drive-in-basar vart suksess
Laurdag 6. juni arrangerte IMF Sunnmøre Drive-In-Basar på 15 ulike bedehus rundt om på Sunnmøre. Krinsleiar Johan Halsne er stornøgd med dagen og ikkje minst med resultatet.
- Etter det vi har oversikt over no er resultatet på vel 160 000 kroner, og det er vi kjempenøgde med, fortel Johan Halsne til Radio Sunnmøre.
Sola strålte og det var variert oppmøte på dei ulike bedehusa, men salet av lodd var det altså ikkje noko å seie på. Høyr heile intervjuet med Johan Halsne her:
