Du er i mi framtid
Med fullt program og ei stå på vilje trudde aldri Anne Birgitte Lillebø Bøe at ho skulle møte den berømte veggen, ho fekk ein utmattelse som gjorde at ho ikkje klarte meir. Då det fyrst skjedde fekk ho nokre dagar på ei hytte for å vere heilt aleine. Ho fortel på Radio Sunnmøre at det var veldig gode dagar der ho etterkvart starta å høyre på podkast og musikk. Då var det ein song som traff henne og som ho skreiv om frå engelsk til nynorsk. I sommar vart denne songen spelt inn og blitt ei trøyst for henne sjølv. Du er i mi framtid heiter songen.
Høyr heile intervjuet med Anne Birgitte Lillebø Bøe, vakse opp i Vanylven og bur no i Rogaland.
