Ei bølge av lys verda over
Torsdag 15. oktober er det den internasjonale minnedagen for born som døyr i svangerskapet og livets begynnelse. På Osnessanden i Ulsteinvik denne dagen kl. 19 blir det tent lys for desse borna i ein time. Marthe Berg Vattøy er saman med Pauline Holstad arrangør for arrangementet i Ulsteinvik. Berg Vattøy har sjølv mista eit lite barn og kjenner det meiningsfullt å ha ein minnedag som dette, der ein får sei namnet høgt og tenne eit lys til minne.
Både foreldre, besteforeldre, tanter/onkler, sysken og vener er invitert. Når lyset blir tent kl.19 på Osnessanden torsdag, blir det tent lys verda over til minne om dei små som er mista.
Høyr heile intervjuet med Marthe Berg Vattøy.
