I midten av november kjem Janne Kristin Lid ut med ei ny gåvebok med kvardagsfortellingar. I ei av fortellingane, som har fått namnet Lyset, tek ho utgangspunkt i ei sann historie frå Eidsdal. For hundre år sidan var det ein liten gut som forsvann opp i fjellet. Lid har gjort ein research på både tida og staden, og skrive levande ned korleis historia kan ha våre. Ei historie med både tru, liv, lys og mirakel i innhaldet.
Høyr intervjuet med Janne Kristin Lid om den nye gåveboka.
