Ei meiningsfull julegåve
Ukraina er eit land som ikkje ligg så langt unna Norge, men kor levestandaren er ein heilt anna enn hos oss. Mange er svært fattige, og manglar det meste. No kan du gje ei julegåve som vert til glede for mange, ved å betale for ein eller fleire matkassar som vert delt ut rett før jul. Med base på Sunnmøre driv hjelpeorganisasjonen Ukraina-hjelpa eit arbeid mellom dei som treng det aller mest, og vi har hatt besøk av leiar for dette arbeidet, Kurt Andre Henriksen.
