-Ein skule eg kan kjenne meg heime i

Lars Johan Stokken, ny rektor ved Møre barne- og ungdomsskule Skodje. Foto_privat

Ny rektor ved Møre barne- og ungdomsskule Skodje dei to neste åra er Lars Johan Stokken. Han er opprinneleg frå Stord, men har dei siste tjue åra budd på Skodje. Han har lang erfaring som lærar både ved barne-, ungdom- og vidaregåandeskule.

-Eg har arbeidd ganske mange år i skulen og gjort meg nokre erfaringar. No blir det spanande å sjå om eg kan ta ut dei erfaringane eg har gjort meg i praksis ved å vere rektor ved ein skule, fortel Stokken i eit intervju med Radio Sunnmøre. Han ser fram til desse to åra ved Møre barne- og ungdomsskule, der han skal vikariere som rektor for Ingrid Kvam Steinshamn som no skal ut i to års permisjon frå stillinga.

-Det viktigaste for meg er at det er ein skule eg kan kjenne meg heime i..., og å få lov å jobbe på ein skule der ein får peika på det viktigaste i livet, nemleg Jesus, seier Stokken.

Forrige
Forrige

Sjømannspresten episode 10

Neste
Neste

Bibelpraten om nådegåvene Del 2