Ein tredjedel lyttar til Radio Sunnmøre

Av dei som lyttar til lokalradio på Sunnmøre, så lyttar over ein tredjedel til Radio Sunnmøre. Heile 35 % av lokalradiolyttarane på Sunnmøre lyttar trufast til Radio Sunnmøre, ein kristen lokalradio med lokalt innhald, andakter, nære intervju og kristen musikk. Undersøkinga viser at 1/3 av dei som lyttar kvar veke, lyttar også kvar dag, noko som betyr at våre lyttarar er meget trufaste.

-Dette er gode tal og vi set enormt pris på tilliten, seier redaktør for Radio Sunnmøre, Ragnhild Kristine Vartdal Espelund.

Radio Sunnmøre er ein kristen lokalradio som sender over heile Sunnmøre, frå nord til sør, frå aust til vest. Frå slutten på 2024 har Radio Sunnmøre hatt sin eigen fulltids kanal på DAB, og det er noko av det som også kan ha ført til eit meir stabil lytterskare.

Når fleire via digitale plattformer

Også på dei digitale plattformene har Radio Sunnmøre auka tilstrøyming. I 2025 var det 35 000 brukarar som var innom heimesida på over 800.000 sidevisninger, og av alt Radio Sunnmøre produserer har nær 4000 saker blitt lagt ut på heimesida. I tillegg var det 14 000 nedlastninger på vår podkast, og aldersgruppa som brukar desse plattformene er i største grad dei mellom 30 - 65 år.

Radio Sunnmøre ser også at det å bruke sosiale medier som Facebook og instagram også når mange tusen kvart år.

Alt dette arbeidet blir gjort med eit årsverk på 1,6, og det betyr at dei tilsette i Radio Sunnmøre gjer alt dei kan for at sendingane i alle timane skal vere med kvalitet, det skal vere hørbart og det skal vere godt kristent og lokalt innhald.

Fast givarteneste

Radio Sunnmøre er ein lokalkringkastar, og er dermed ikkje innanfor den type medier som får mykje støtte eller tilskot frå staten, og er ein nisjeradio drifta på gåver frå lyttarar. Vi må få takke alle støttespelarane som har vore med å hjelpe Radio Sunnmøre å nå budsjettet for 2025 med eit lite overskot. Dette set vi enormt stor pris på.

For 2026 har vi eit ynskje om å få 55 nye faste givarar, som kan vere med å støtte med 300 kr kvar månad. Det kostar 300 kr per time å drifte Radio Sunnmøre, og dette håpar vi den enkelte vil vere med på. Ein kan for eksempel sjå på det som eit lyttarabonnement. Bruk gjerne qr koda nedanfor for å bli fast givar.

Forrige
Forrige

På formiddagstreff i Bedehuskirka Emblem

Neste
Neste

Impuls i Molde bedehus