Eit godt ekteskap treng vedlikehald
Det er lurt å ta bilen med på verstad for ein sjekk av og til. Slik er det også med ekteskapet,nokre gongar kan det vere lurt å spandere på seg ein service-pause. I samarbeid med Trondheim Samtalesenter arrangerer Sula Frikirke samlivskurs for ektepar i alle aldersgrupper. Du treng verkeleg ikkje å ha store problem for å ha utbytte av dette fortel Marie Moldvær Nordnes, administrasjonsleiar i Sula Frikirke.
