Fakkeltog for forfulgte kristne

I oktober blir det fakkeltog for forfulgte kristne på fire stadar i Møre og Romsdal. Dei tre fyrste arrangerast i Fosnavåg, Ålesund og Molde 25., 26. og 27. oktober, og det siste i Kristiansund i november.

Informasjonsleiar Linda Askeland blir med og held apell,  og lokale songkrefter deltek. Fakkeltog for forfulgte kristne skal synleggjere ei støtte for kristne rundt om i verda som leve i skjul eller flykte frå heimen sin på grunn av si tru. Olaug Lillian Bjørke og Helge Åkernes har vore i studio for å fortelje fleire om årets fakkeltog.

Forrige
Forrige

Takk for kvar storm

Neste
Neste

Gleda i den kristne songen