Fakkeltok for forfulgte kristne
Også denne hausten inviterer Åpne Dører og Stefanusalliansen til fakkeltog. Her tek ein engasjementet for forfølgde kristne ut i det offentlege rom, for å skape merksemd rundt uretten som skjer. Her på Sunnmøre er det fakkeltog i Fosnavåg 26.10. og i Ålesund 27.10. Årets tema er: «I fangenskap for sin tro». Det gjeld dei tusener av kristne som er fengsla for trua si, men også dei mange som blir kidnappa og bortført – eller haldne i lenker heime, berre fordi dei bekjenner Jesu namn. I Noreg har vi trusfridom. Gjennom fakkeltoga inviterast vi til å støtte dei som deler trua vår, men ikkje har den same fridomen til å utøve den. Så langt er 15 byar klare for arrangementet, og fleire kjem til. (Besøk gjerne www.fakkeltog.no for meir info) I andre halvdel av programmet får du eit intervju med Linda Askeland, Informasjonsleder i Åpne Dører.
