Fasinert over engasjementet rundt Israel i norsk stortingsval
I sommar var Te`ena Ben-Haim i Noreg på ferie saman med ektemannen. Dei bur til dagleg i Jerusalem, og dei har to born som er aktive i militæret i Israel. Då dei var i Noreg på ferie fulgte ho med på mediedekninga av Israel og synest det er fasinerande at Israel blir behandla som ei norsk kommune under stortingsvalet.
-Det er akkurat som ein har mista litt perspektivet rundt dette. Og det verkar som dei fleste i Noreg har kjøpt eit narrativ frå Hamas, som blir ein høgtalar for dei, uttalar Ben-Haim i eit intervju på Radio Sunnmøre. Ho er sterkt kritisk til all feilinformasjon som blir spreidd, og skjønar også at det er vanskeleg for nordmenn å vite kva som er sanning i det som blir servert i norske medier.
Naudhjelpa kjem ikkje fram
-Eg lider med dei vanlege menneska som har blitt fødd inn i denne situasjonen og som har blitt fanga i denne situasjonen. Det er ikkje vanskeleg å ha medlidenheit med dei som har sine familieliv i denne situasjonen, fortel Ben-Haim.
-Grunnen til at det er svolt i Gaza er Hamas. Der finst mat i Gaza og det finst mat som har blitt sendt inn frå Israel, som berre står på grensa fordi FN ikkje har tatt det vidare. Det passar ikkje inn i deira system. Og når det blir sendt inn så blir det gitt til Hamas som sel det vidare dyrt, seier Ben-Haim.
UNRWA er FNs hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar, oppretta som ein midlertidig organisasjon av FNs generalforsamling i desember 1949. UNRWA har spelt ei sentral rolle i Gaza, både før og etter 7. oktober 2023, sidan omlag 70 % av Gazas befolkning består av Palestinske flyktningar.
-Maten har stått i sola og blitt øydelagt. Dersom all maten blir sendt inn, så passar det ikkje med Hamas sitt narrativ om at det er svolt i Gaza. Vi har sett igjen og igjen at det er mykje overlapping mellom FN og Hamas. Då er det spesielt denne UNRWA, ein del av FN, som har blitt laga for å hjelpe palestinske flyktningar. Fleire av dei som arbeidar i denne organisasjonen er også HAMAS-medlemmar, seier Ben-Haim.
-Den vanlege nordmann blir nok sjokkert over dette, for ein tenker at FN er vel gode, men om dei som er i denne (UNRWA) organisasjonen, der kan ein stille mange spørsmål, legg Ben-Haim til.
Israel har ved fleire anledningar kritisert UNRWA og anklaga organisasjonen for å ha tilknytning til Hamas og terrorverksemd. Etter at Israel påsto at UNRWA var direkte involvert i Hamas-angrepet den 7. oktober, stansa fleire land, deriblant USA, sin økonomiske støtte til organisasjonen. Dette resulterte i ei intern etterforskning som førte til at fleire UNRWA-tilsette vart sparka. USA og Israel har gått saman og starta hjelpeorganisasjonen Gaza Humanitarian Foundation (GHF), ei israelsk-amerikanske naudhjelpsordning som har erstatta det tidlegare FN-leia systemet.
Høyr heile intervjuet med Te`ena Ben-Haim på Radio Sunnmøre.
