Fokus på Mexico
«Min einaste forbrytelse er at eg kjenner Gud og tener Han!»
I dette programmet får du eit sterkt møte med fembarnsmora Rosario. Hennar historie illustrerer korleis det kan opplevast å vere evangelisk kristen i Mexico. Ho vart fengsla utan grunn, men sjølv i denne situasjonen stod Gud sine løfter fast: «Eg visste at Gud aldri ville forlate meg eller barna mine. Midt i lidinga bestemte eg meg for å stole på Han.» Familien er takksame for hjelpa dei har fått gjennom Åpne Dørers traumeprogram. I dag er dei busett i ein annan kant av landet, der dei ikkje opplever forfølging. I andre halvdel av programmet møter du Pastor Leopoldo, og du får eit innblikk i korleis det er å vere kyrkje i tøffe omgjevnader. Mexico er prega av organisert kriminalitet og korrupsjon, særleg narkokartellar som kontrollerer fleire område i landet. Desse set kristne under konstant press; og er motstandarar av at kyrkja tek dei svake i forsvar. På tross av dette er dei truande i landet frimodige vitner som bringer lys og håp. I programmet får du elles høyre Misjonssalen Oslo synge «Hos deg», og det er Thea Aarseth som er solist.
