Foreslår kutt av stipend til folkehøgskuleelevar

Regjeringa foreslår at stipendandelen til folkehøgskuleelevar skal kuttast frå 40 % til 15 %. Resultatet av dette meiner Sven Wågen Sæther, rektor ved Ålesund folkehøgskule, at kan bli svært radikalt for folkehøgskulane. - Her lagar ein ei innsnevring slik at det blir færre moglegheiter for alle, seier Wågen Sæther. Han meiner dette er eit innlysande galt forslag. Høyr heile intervjuet med Sven Wågen Sæther, rektor ved Ålesund folkehøgskule.

Ei underskriftskampanje vart starta tysdag 21. oktober hadde torsdag morgon 23. oktober fått 16864 underskrifter på at ein er i mot dette forslaget.

Forrige
Forrige

Solhøgda leirstad treng ny leiing

Neste
Neste

Tilbake etter tre månader på Mercy Ships