-Forsiktig optimistisk for framtida
Då COVID-19 stengte ned verda fekk det store konsekvensar for det kristne reiseselskapet Plussreiser. Dagleg leiar Aud Kindervåg Halsne kan fortelje at dei har kansellert nær 200 turar. Selskapet har tilbakeført 22 millionar kroner til gjestane, eit arbeid som har vore krevjande for dei tilsette og selskapet. Plussreiser har fått økonomisk hjelp frå fleire av hjelpepakkane som har kome frå regjeringa, i tillegg til at selskapet har snudd seg rundt og lagd nye turar i Noreg.
Plussreiser i 2021
Kindervåg Halsne håpar at det blir mogleg for nye utenlandsreiser til våren, men at det er per i dag svært vanskeleg å vite korleis 2021 blir.
- Det blir svært krevjande for oss om vi ikkje får ha nokre av dei turane vi har flytta til 2021, som til dømes til Israel. Men vi arbeidar med å lage gode turar innanlands. Dei fleste tilsette er permittert hos oss idag, og dersom det framleis er nedstengt i 2021 som i dag vil det vere vanskeleg å få alle tilbake i jobb, fortel Kindervåg Halsne.
Plussreiser har eit tett forhold til sine kundar og dagleg leiar Kindervåg Halsne merkar at kundane rekk ei hand og vil vere tilbake på plass når det opnar seg opp for fleire reiser.
-Eg er forsiktig optimistisk for framtida, men vi er så glade i Plussreiser at vi gjer det vi kan for å stå dette over, avsluttar Kindervåg Halsne.
