Frå Valderøya til Arendal

Halvard Hauge Roaldsnes er utflytta sunnmøring frå Valderøya til Arendal. Han er teolog og pastor i Horisontkirka i Arendal, og tilbyr samtalar med fokus på å sjå den enkelte og gi hjelp til å sortere tankar og livsutfordringar - med utgongspunkt i kristen sjelesorg og innsikt i korleis tankar og mønstre påvirkar livet vårt. I tillegg tilbyr han mentorsamtalar for leiarar.

Hauge Roaldsnes vaks opp på Valderøya og deltok aktivt i bedehuset og kyrkja. Der fekk han trua inn som ein naturleg del av kvardagen. Både på leira og søndagsskulen fekk han sådd frø som var gode å ha med seinare i livet. Då han vart 18 år fekk han eit møte med Jesus i sorg og fortvilelse, og då møtte han Guds kjærleik som endra på livet. No er han pastor i Horisontkirka i Arendal.

https://open.spotify.com/episode/4C2G7yDaKoT3TXgVdx51yP?si=1Os3fzvtTquh5giXTyunMQ

Forrige
Forrige

Hausten er det høgtrykk for Plussreiser

Neste
Neste

Søndagens tekst 28. juni