Fred og fridom i eit lukka land

I dette programmet frå Åpne Dører tek Olaug Lillian Bjørke deg med til Iran. Her i Noreg feirer vi fred og fridom denne månaden; men kan dette opplevast også der ytre omstendigheiter tilseier det motsette? Taher, ein iransk truande, seier: «Tida eg hadde med Jesus i fengsel, var ekte fridom for meg.» Ein annan iranar seier: «Livet her kjennest som å bu i eit stort fengsel!» Han er ingen truande; og er ikkje fengsla. Likevel kjenner han på manglande fridom. Bibelen snakkar om ein fred som overgår all forstand, og denne freden får du eit innblikk i gjennom dagens program. ‘Sanger fra bedehusland’ syng «Jeg er fri», og deretter får du møte den kristne forretningsmannen John*. Han opplevde å få leie sin iranske taxisjåfør til tru på Jesus. Og du får høyre frå ein spennande samtale mellom ein mulla og ein iransk pastor. Guds rike går fram i dette landet; og særleg de siste tiåra har stadig nye iranarar kome til tru på Jesus. 

Forrige
Forrige

Pinsekirka i Ålesund i Koronatida

Neste
Neste

Kvar vart Kristi Himmelfartsdag av?