Han er min doktor og altmoglegmann

-Han er min doktor, tannlege og altmoglegmann, fortel Marie Helen Røsvik om Jesus i eit intervju, då Radio Sunnmøre var på besøk med henne i 2015.

I 2015 fekk Radio Sunnmøre besøke Marie Helen Røsvik på Vigra, då var ho 89 år gamal. Ho vaks opp med 11 sysken i ein kristen heim. Ho sit i rullestol sidan ho vart fødd med misdanningar i føtene og kunne ikkje gå. I 1980 vann ho gull i bogeskyting i OL, og har teke verdsrekord i same grein. 

På Radio Sunnmøre fortel ho kor viktig kristne radiosendingar og tv-sendingar har vore for henne, når det ikkje har vore lett for henne å kunne kome seg fysisk til eit bedehus eller ei kyrkje. I intervjuet fortel ho at Jesus har vore hennar doktor, tannlege og altmoglegmann. Høyr den flotte praten på Radio Sunnmøre.

Forrige
Forrige

Friheit og forbøn

Neste
Neste

Johanne på Madagaskar - del 8