Handlaga opprop: «I see you»

Denne vinteren har Åpne Dører eit handlaga opprop for å støtte forfølgde kvinner, og i dagens program får du høyre mer om dette.

Olaug Lillian Bjørke samtalar med Christine Eidsheim, som inspirerer til deltaking i oppropet. Her gjeld det å vere både firkanta og kreativ! Sy, brodér eller tegn på eit kvadratisk stoffstykke (30 x 30 cm), og bruk teksten «I see you». Putt i konvolutt og send til Åpne Dører, Postboks 44, 5822 Bergen innan 1.februar. Her blir lappane montert til eit stort teppe, og dette skal presenterast i høve årets kvinnedag, for å setje fokus på forfølgde kvinner. Forfylgjinga  som rammer kvinner, er ofte skjult. «Vi vil at de skal vite, vi vil bli sett» - dette er bodskapen frå forfølgde kvinner. Gjennom å delta i det handalaga oppropet, gjer ein det usynlege synleg! I programmet får du elles høyre Sølvi Hopland og Kor de Ville synge Sølvis nydelege song: «Herre, gje meg dine auge».

Forrige
Forrige

Bibelpraten om 1000 års riket

Neste
Neste

Møteveker i Hundeidvik