Haustens Radiogiv

Radio Sunnmøre satsar denne hausten på betre kvalitet i våre døgnet rundt sendingar på eigen DAB kanal. Frå 1. oktober blir vi to fulle stillingar i radioen når Mirjam Ulstein startar i 100 %. Vi har fornya våre heimesider, og vi gjer dette for å nå endå lengre ut med kvalitetsradio med den beste bodskapen vi har. Evangeliet om Jesus kan formidlast gjennom trushistorier, arrangement, aktivitetar, andakter og musikk, og dette ynskjer vi endå meir å gjere på vår eigen kristne lokalradio.

Vi håpar at du vil vere med på denne satsninga i Radio Sunnmøre. Og vi treng di støtte.

Den 14. - 20. september har vi haustens store aksjon, som vi håpar du vil støtte opp om. Vi håpar at vi kan nå eit mål på kr. 200.000,- denne veka. Og det gjer vi med di hjelp.

Vi er så heldige å ha fått nokre store og nydelege saueskinn frå Vigra, som vi skal trekke blant alle som er med og støtter oss denne veka.

VIPPS til 72582 eller bruk kontonummer: 3900.21.10311. Dersom du ynskjer å nytte deg av skattefrådrag, så kan du gjere det ved å scanne QR koda nedanfor, eller nytte denne lenka https://lokal.imf.no/imf-hk/prosjektmal/fundraising_cause/20353. Anten gje ei enkeltgåve eller bli fast givar.

Tusen takk for di støtte!

Neste
Neste

Misjonsalliansen på bursdagsturne