Hemmeleg kristen i eit lukka land
I dette programmet tek Olaug Lillian Bjørke deg med til Afghanistan. Du får høyre korleis det er å leve som truande i dette landet; i djupaste hemmeligheit. Du får også møte nokre av dei som står i teneste for forfulgte kristne i denne regionen, og får eit innblikk i kva risiko dei lever med. Kipi var ein av dei som måtte betale den aller høgaste prisen for si teneste. Det er ikkje utan grunn at vår medarbeidar i regionen seier: «Be for oss! Vi kan føle bønene dykkar. Dei er som ein mur rundt oss! Dei beskytter oss.» Dei siste månadane er det blitt endå tøffare å leve som truande i Afghanistan. Eit ferskt vitnesbyrd frå Kabul seier noko om kor viktig forbøna frå truande søsken er i denne situasjonen, og programmet avsluttar med bøn for landet. Halvvegs i programmet syng Duvald «Att lamna allt»; ein song som handlar om at det kan koste alt å følgje Jesus, men at det er verdt det. «Vi ville ha vore borte for lengst, om det ikkje var for bønene dykkar. Men vi er her framleis, og vi blir, for å vere lys og salt i denne regionen», seier truande i Kabul.
