Historisk høge søkartal på Vestborg vgs

Vestborg vidaregåande skule på Stranda har historisk gode søkartal for skuleåret 2026/2027. For to år sidan hadde skulen 63 elevar, dette skuleåret 94 elevar og til hausten blir det nok 115 elevar totalt. Sjølv med over 78 søknadar for hausten vel skulen å ta inn ei klasse til VG1. 

I fjor var skulen kåra til landets beste vidaregåande skule og rektor Jon Ove Holen fortel at dei har arbeidd med trivsel og støtte frå lærarane dei siste åra.

-Det er viktig at elevane trivast og anbefalar skulen til andre, fortel rektor Jon Ove Holen.

Søknadsfristen var 1. mars og tilbod er sendt ut til 33 VG1 elevar. Skulen har vurdert nøye om ein skulle ta inn to klasser, men har kome fram til at ein dette året tek inn ei klasse. Grunnen for det er at kapasiteten på området ikkje per i dag er tilrettelagt for det og at det kan gå ut over trivselen til elevane.

-Vi er i samtale med eigaren vår om utbygging, og skal sjå om vi på eit eller to år kan auke kapasiteten. Det ser vi at det er grunnlag for, seier Holen til Radio Sunnmøre.

Forrige
Forrige

Søndagens tekst 29. mars

Neste
Neste

For å oppnå den gleda som venta