I fengsel - Åpne dører veke 18
Denne månaden er Iran i fokus i Åpne Dører. Det er eit av dei landa der ein kjenner til flest ved namn som sit fengsla for si tru. Desse er hovudsakleg konvertittar; sikta for å vere ein trussel mot den nasjonale sikkerheita. Leiarar for huskyrkjer risikerer opp mot 10 års fengsel. Nokre blir sett fri midlertidig mot kausjon, og deretter er det ofte årevis med uvisse i påvente av anken. Enkelte greier å flykte frå landet, like før dei blir kalla inn til soning. Til hausten vil Åpne Dører ha fokus på dei som er «I fangenskap for si tru» under fakkeltoga. Det er ei flott muligheit til å ta engasjementet for forfulgte kristne ut i det offentlege rom, og «lukke opp munnen for dei som ikkje sjølv kan tale». I andre halvdel av programmet møter du Taher, som sat fengsla for si tru. I etterkant seier han og kona Donya med overtyding: «Jesus er verdt alt! Vi har ikkje betalt noko endå..» Du får også høyre mannsgruppa 5 Staute synge «I surrender all / Alt for Jesu fot jeg legger».
«Hugs på dei som sit i fengsel...»Denne månaden er Iran i fokus i Åpne Dører. Det er eit av dei landa der ein kjenner til flest ved namn som sit fengsla for si tru. Desse er hovudsakleg konvertittar; sikta for å vere ein trussel mot den nasjonale sikkerheita. Leiarar for huskyrkjer risikerer opp mot 10 års fengsel. Nokre blir sett fri midlertidig mot kausjon, og deretter er det ofte årevis med uvisse i påvente av anken. Enkelte greier å flykte frå landet, like før dei blir kalla inn til soning. Til hausten vil Åpne Dører ha fokus på dei som er «I fangenskap for si tru» under fakkeltoga. Det er ei flott muligheit til å ta engasjementet for forfulgte kristne ut i det offentlege rom, og «lukke opp munnen for dei som ikkje sjølv kan tale». I andre halvdel av programmet møter du Taher, som sat fengsla for si tru. I etterkant seier han og kona Donya med overtyding: «Jesus er verdt alt! Vi har ikkje betalt noko endå..» Du får også høyre mannsgruppa 5 Staute synge «I surrender all / Alt for Jesu fot jeg legger».
