ImF trussamfunn kan miste sin godkjenning


Statsforvalteren i Agder har vedteke å trekke tilbake godkjenninga til ImF Trussamfunn som trussamfunn. - Vi vart overraska, fortel Jarle Haugland, generalsekretær i Indremisjonsforbundet.


Haugland fortel at dei har fått til slutten av august å sende inn ein klage. Dersom vedtaket blir ståande mister ImF Trussamfunn statsstøtte og retten til å vigsle folk, og dei som er medlem mister sitt medlemskap.


-Det er for tett kobling mellom Imf Trossamfunn og Indremisjonsforbundet. Statsforvalteren meiner aktiviteten må vere i trussamfunnet og ikkje i Indremisjonsforbundet, fortel Haugland om grunngjevinga for at dei no har trekt godkjenninga tilbake. 


Høyr intervjuet med generalsekretær Jarle Haugland om situasjonen Imf Trussamfunn no står i og kva Indremisjonsforbundet no gjer vidare.




Forrige
Forrige

Stol på han

Neste
Neste

Bedehuskanalen klar for sending frå Ålesund