Inviterer til Pit Stop på Ellingsøya

Dominyka, Martha, Ester og Oskar frå styret til Seinfredag på Ellingsøy bedehus.

Helga 16. og 17. oktober blir det Pit Stop på Ellingsøy bedehus. Martha Bjørge og Ester Molnes sit i styret i den lokale ungdomsforeininga Seinfredag som er medarrangør, saman med Imf Ung Sunnmøre og NLM Ung Nordvest.

Bjørge og Molnes håpar at 200 ungdomar frå heile Sunnmøre tek turen til Ellingsøya denne helga.

-Fyrste dagen skal vi ha opningsmøte, kiosk og sosialt. Og laurdagen blir det workshops med Funbattle, dans, aktiv og kor. Det blir også Grill en kristen, og gratis middag til alle, seier Martha Bjørge.

- Det blir også Pitfest, legg ho til.

- Det blir også Raveparty med DJ og glowsticks, fortel dei.

- Eg gler meg til å vere med mange folk frå andre plassar, og lære meir om Gud og Jesus og sånn, seier Molnes.

Høyr heile intervjuet med Martha Bjørge og Ester Molnes. Sjekk ut meir om Pit stop på Imf Ung Sunnmøre.

Neste
Neste

Tre fram for nådens trone