Jaktar på "den perfekte tru" i ny serie for born
"Jakta på den perfekte tro" er tittelen på ein ny serie på NRK Super. Det er programleiar Selma Ibrahim Karlsen som sjølv er på jakt etter "den perfekte tru" gjennom å besøke born som tru på buddhisme, bahai, hinduisme, kristendom, islam og jødedom, i tillegg til eit tidlegare jehovas vitne, ein tidlegare muslim og ein gut som ikkje reknar som som religiøs.
Programleiaren kjem til vegs ende opp med at ho ikkje finn ei perfekt tru, men ho finn noko bra med alle trusretningane ho har fått lære meir om. Førstelektor i kommunikasjon og livssyn ved NLA Høgskolen, Margunn Serigstad Dahle, tenker at det programleiaren har kome fram til både er bra og ikkje bra.
-Dette å seie at ein ikkje har funne ei perfekt tru, ligg veldig tett opp til å seie at det ikkje finns ei sann tru, seier Margunn Serigstad Dahle, som også er team- og produksjonsleiar i Damaris Norge.
-For oss som bekjenner den kristne trua, og vil dele den kristne sanninga i respekt for den andre - med varme og omsorg, utan å korte ned på sanninga, så er denne serien litt utfordrande. På same tid speglar den det veldig typiske i vår samtid: at noko er sant for den enkelte, men ikkje sant i seg sjølv, legg Serigstad Dahle til.
Høyr heile intervjuet med Margunn Serigstad Dahle på Radio Sunnmøre.
