Jesus er relevant i kvardagen
Denne veka er det Christel Otterlei Bjerkeseth som gir oss Ord til ettertanke på Radio Sunnmøre. Ho er utdanna diakon og arbeidar i dag som trusopplærar i Haram kyrkjelege fellesråd. Ho fortel at ho no har funne sin plass.
I ord til ettertanke denne veka delar Otterlei Bjerkeseth ulike likningar frå Bibelen. - Eg tenker mykje på at Jesus skal vere relevant i livet vårt. Det handlar om å gi han rom og plass i kvardagen vår, fortel Otterlei Bjerkeseth, om noko av det ho ynskjer å formidle denne veka.
Høyr heile intervjuet og alle andakten i Ord til ettertanke med Christel Otterlei Bjerkeseth på Radio Sunnmøre.
