Etterlengta julekonsert på Emblem bedehus
Søndag blir det julekonsert på Emblem bedehus. Konserten har vore planlagt sidan pandemiåret, og vart det året halde digitalt. No ser Ståle Heggset med team fram til å presentere julekonserten i levande live på Emblem bedehus for ein forhåpentlegvis fullsett sal.
Vi har tatt ein prat med Ståle Heggset for å høyre meir om kva dei vil by på søndag føremiddag.
