Kallar inn til ekstraordinært årsmøte
ImF Sunnmøre kallar onsdag 11. februar medlemmane inn til eit ekstraordinært årsmøte. Ny eigarstruktur/sal av Orreneset misjonssenter står på sakslista.
I innkallinga til det ekstraordinære årsmøtet innstiller krinsstyret forslag til vedtak, at ImF Sunnmøre sel Orreneset Misjonssenter til Bjørn Valderhaug og Kristine Solstad under føresetnad av at ein salsavtale ivaretek intensjonane i saksutgreiinga til årsmøtet.
I saksutgreiinga står det at krinsstyret i Imf Sunnmøre har dei to siste åra vore i samtalar med ekteparet Kristine Solstad og Bjørn Valderhaug om eit mogleg kjøp av Orreneset Misjonssenter. Dei ynskjer å kjøpe senteret og drive det som eit kristent barne - og ungdomssenter. Dei ynskjer også at Orreneset framleis skal vere knytt til ImF Sunnmøre, og legge til rette for leirarbeid, møter, kurs og arrangement for forsamlingar, kyrkjelydar og andre grupper.
Kjøparane ynskjer å foreta ei oppgradering av Orreneset, og har økonomiske ressursar til både oppgradering, drift og vidare utvikling av leirstaden. Dei vil bu på senteret og vere eigar, drivar og vertskap av Orreneset.
Dagens styrar på Orreneset går av med pensjon til sommaren, og krinsstyret veit at det ofte er vanskeleg å få bemanning til leirstadar, då dette er svært krevjande arbeid.
Krinsstyret konkluderer i saksutgreiinga med at dette vil tilføre ein gevinst som vil utløyse meir misjon for ImF Sunnmøre i åra framover. Då meir misjon ved at ein får oppgradert og vidareutvikla Orreneset betre enn ImF Sunnmøre har kapasitet til, og meir misjon ved at ein kan auke bemanninga i barne - og ungdomsarbeidet.
