Kampen for det ufødde liv og trusfridom

- Eg vart så rysta i vår då vi fyrst opplevde at Arbeidarpartiet vedtek fri abort fram til veke 18, og deretter kjem SV og vedtek fri abort fram til veke 22, fortel Jorunn Gleditsch Lossius i eit intervju på Radio Sunnmøre. I eit innlegg på facebook 25. april viser Lossius eit bilde av seg sjølv som gravid i veke 22, og fortel om livet ho både kjenner då i magen og livet ho då har fått ei tilknytning til. Kampen for det ufødde liv har Lossius tatt på seg i årets stortingsval.

- Vi skulle ynskje at dette ikkje var ei valkampsak, men når vi er eit menneskeverdparti kan vi ikkje sitte stille i båten og sjå på, seier Lossius.

KrF går til val på sosiale og kristne verdiar, og vi har tatt ein prat med stortingsrepresentant Jorunn Gleditsch Lossius og 1. kandidat for Møre & Romsdal KrF, Harry Valderhaug, på Radio Sunnmøre. Høyr heile intervjuet på Radio Sunnmøre.

Forrige
Forrige

På 60+ leir på Brusdalsheimen

Neste
Neste

Navnet over alle navn