Det er mange små og store som har eit stopp på Lyngdal Bibelcamp som ein obligatorisk del av sommarferien. Stevnesjef Kenneth Foss kan fortelje at også i år vert det eit innhaldsrikt og spanande program på "bibelcampen". Borna har eigne opplegg kvar føremiddag, og for dei vaksne er det bibeltimar på føremiddagen og kveldsmøte i den store møtehallen. Hageselskap, misjonsløp, konsertar, Sørlandsbadet og mange flotte turalternativ er også ting Lyngdal Bibelcamp kan tilby sine gjester.
