Klart for Mini-leir på Brusdalsheimen
Helga 28. februar til 1. mars er det klart for årets fyrste minileir på Brusdalsheimen, og det skal også arrangerast ein 11. -12. april.
-No er det to minileirar denne våren, fortel Hilde Giske Lukkedal, som har vore med på desse leirane i ei årrekke.
Leiren er for 1.-4. klasse og for mange er det første gong på leir. Det er berre ei overnatting på denne leiren og starter tidleg på føremiddag laurdagen.
- Vi har bibelundervisning, mykje song, mykje leik og sjølvsagt mat, fortel Giske Lukkedal. Det er mellom 30-50 born som brukar å delta på desse minileirane.
Til årets fyrste leir er det allereie over 20 påmeldte born.
