Kongens fortenestemedalje til Haldis Reigstad
Hans Majestet Kongen har tildelt si fortenestemedalje til diktaren Haldis Reigstad. Ho er sannsynlegvis den mestselgande poet i Noreg, og har gitt ut ei rekke diktbøker. Ein del av dikta Haldis har skrive er også tonesett og har vorte kjære songar som er mange menneske er glade i. Som til dømes "Utvald i Kristus" og "Tett ved sida mi går Jesus". Vi har snakka med Haldis om korleis ho opplevde å få denne utmerkinga frå Kong Harald.
