Lefser og Digital Radiomesse
Den tradisjonsrike årlege Radiomessa til Radio Sunnmøre, som årleg har vore halde på Ålesund Folkehøgskule, blir i år ei Digital Radiomesse fredag 6. november.
Dei siste åra har Radio Sunnmøre arrangert ei stor Radiomesse på Ålesund Folkehøgskule, der fleire hundre har vore innom i løpet av dagen og handla lodd, julebakst, heimelaga produkt, graut og kafèmat. Men i år blir det annsleis.
-På grunn av auka koronasmitte også på Sunnmøre, og med dei ulike restriksjonane som er vanskeleg å halde på ei slik messe, så valde komiteen i år å gå for ei Digital Radiomesse, fortel dagleg leiar i Radio Sunnmøre Ragnhild Kristine Vartdal Espelund.
Engasjerte lyttarar og frivillege
Radio Sunnmøre er så heldige å ha ein god gjeng støttespelarar som ynskjer alt det beste for sin lokalradio. Dermed var det ikkje eit problem at årets radiomesse måtte avlysast, men ein giv for å gjere det annsleis i år.
- Det har blitt baka opp mengder med lefser, aniskringle, havrekjeks og meir som i år skal seljast som frysevare på tre ulike lokasjonar på Sunnmøre. Det blir svært spanande i år, men iveren frå våre frivillege og engasjerte lyttarar er berre heilt unik og rørande, legg dagleg leiar til.
Direktesending heile dagen
Fredag 6. november sender Radio Sunnmøre direkte heile dagen med fleire flotte gjestar i studio.
- I studio denne dagen får vi blant anna besøk av Utviklingsminister Dag Inge Ulstein, og vi får live-musikk av Ole Andreas Høyberg, som også har artistnamnet Adam Cliff. I løpet av dagen har vi nokre frivillege som sel basarbøker med mykje flotte sponsa gevinstar, og folk kan kjøpe seg bakst til adventstida og jul, seier Vartdal Espelund.
Radio drifta på gåver
Sidan Radio Sunnmøre er ein lokalradio som er drifta på gåver, kjem ikkje radioen under dei ulike støtteordningane for tapte inntekter som har kome på grunn av COVID-19. Derfor er radioen særs avhengig av at også årets Radiomesse går så det susar.
- Vi er heilt avhengig av at også denne radiomessa blir ein suksess. Dei siste åra har resultatet berre auka og auka, og messa har blitt svært populær på Sunnmøre. Så vi håpar at lyttarane også i år støttar opp om denne litt spesielle radiomessa. Og sjølvsagt håpar vi at vi neste år er tilbake til normalen, avsluttar Vartdal Espelund.


