Løvemammaene på Sunnmøre

Onsdag 16. september inviterer Løvemammaene Midt foreldre på tur & terapi i Ålesund. Turen er heilt lavterskel og ein må ikkje vere trent for å delta, men turen er utan born.

Radio Sunnmøre fekk besøk av to engasjerte løvemammaer, Monica Farstad og Hanne Waage Borgund, som begge har born med ulike hjelpebehov. Dei kom inn i styret i Midt for nokre år sidan, og fortel at det er ein møtestad for foreldre og familier med like utfordringar i kvardagen. Treffpunkta er ein stad å dele både gleder og sorger. Og i tillegg få god støtte og hjelp til ulike utfordringar.

Løvemammaene er ein diagnoseuavhengig organisasjon som jobbar med å opplyse om og forbedre rettigheitene til barn og unge med kronisk sjukdom, funksjonshindringar og ulike hjelpebehov. Dei bren for støtte, frihet og likestilling til hele familien.

 

Høyr heile praten med Monica Farstad og Hanne Waage Borgund, løvemammaer som sit i styret til Løvemammaene Midt.

Forrige
Forrige

Søndagens tekst 13. september

Neste
Neste

Nye kristne i Immanuelkirka